|
Midsund april 2009
Georg Hole/Kjell Magerøy skreiv dette
Oppmoding om støttemedlemskap!
Midsund Slekt og Historielag blei stifta den 16.april 1998. Lite visste vi då kor omfattande arbeidet med lokalhistorie skulle bli.Vier glade og fornnøgde over å kunne sjå tilbake på alt vi har vore med på å få til:
- Tett og fruktbart samarbeide med Midsund kommune.
- Midsund Gard og Slekt. Siste bindet ferdig hausten2006.
- Lokalhistorisk samling på Fredheim.
- Bevaring og vedlikehald av Prestestova.
- Restaurering og bevaring av Naustloftet etter Anton Beinset.
- Tilgang til Urvin etter avtale med Anton Beinset sine etterkomarar.
- Deltaking i markeringar m.m. der vi blir bedne om å vere med.
- Datakurs for eldre.
- Oppretting av heimeside: www midsund. historielag.org
- E-post adresse: mshl@sund-bredband.no
Vi er fleire og fleire som deltek i arbeidet, og alt i alt blir det lagt ned mange timeverk med dugnad for å fremje arbeidet med lokalhistoria i Midsund.
Medlemskontingenten er ein av våre viktigaste inntektskjelder.
Om du spelar på lotto, tipping eller joker for eks. kan du gi ditt bidrag via grasrotandelen. Hos kommisjonærar for Norsk Tipping får du registrert spelekortet ditt, og elles får du full informasjon korleis du skal gå fram. Det hadde det vore gledeleg om du kunne støtte oss. Vårt organisasjonsnummer i Brønnøysundregisteret er 993 886 173. Dette kan du bruke dersom du sjølv vil registrere grasrotandelen til oss via internett.
PS. Kvar torsdag kl. 10 til kl.14 er nokre av oss samla på Fredheim for registrering og arkivering av innkomne gjenstandar og dokumenter. Kom gjerne og besøk oss. Vi har god kaffi, og kanskje har nokon ei god historie å fortelje.
Priser på medlemsskap:
Enslig: kr 250,-
Par: kr 350
Bankkonto: 4108.25.23438
Redaktør og Web Master for hjemmesidene er for tiden: Kjell Magerøy
|