|
ANTON BEINSET
Journalisten, redaktøren og venstreradikalaren frÃ¥ Otrøya. Den skarpe og hardtslÃ¥ande debattanten og satirikaren – men og den fintfølande og romantiske stemningsskaparen – samfunnskritikaren og sprÃ¥kkunstnaren. Mest kjend som journalist og politisk redaktør i Dagbladet – og som forfattar av Naustloftbreva. Av Palmar Raknes
Personalia Anton Beinset vart fødd på Beinset på Otrøya 07.01.1894, d. 16.12.1963.
Han vart gift med Mimmi frå Oslo. Dei fekk to barn: -Per Beinset, g.m. Dagny.
-Mari Beinset Waagaard (d.2004), var g.m. Torkild Waagaard, Dei fekk tre barn: Eirik, Iver Anton og Anne Mari.
Anton Beinset
FrÃ¥ fiskebÃ¥ten til Dagbladet Straks Anton Beinset var konfirmert, begynte han pÃ¥ sjøen. Han ville bli skipper, men sjøsjuka plaga han, og etter eit par sesongar gav han opp livet pÃ¥ sjøen. Han gjekk folkehøgskulen i Ørsta. Ei kort tid arbeidde han sÃ¥ som kontorist pÃ¥ motorfabrikken til Nils Finnøy. Men lysta til Ã¥ bli journalist lÃ¥g der, og snart fekk han jobb i Hordaland Folkeblad og bladet Sunnhordland. I 1916 reiste han til Oslo og vart medarbeidar i Arne Garborgs avis Den 17de Mai (Nynorskens hovudorgan). Samtidig skreiv han i nynorskbladet For Bygd og By. Han var ogsÃ¥ medredaktør i dette bladet. I denne tida vanka han ein del pÃ¥ Stortinget, og han laga ”stortingsprofilar” av tingmennene. Han skreiv mykje under pseudonymet Per Skrull. Alt no vart han lagt merke til som ein skarp debattant. Særleg nytta han satiren som verkemiddel. Politisk var han radikal venstremann. Han var ogsÃ¥ med i mÃ¥lrørsla, og han kjempa for nynorskens kÃ¥r. PÃ¥ eit seinare tidspunkt – i 1961- var han ein viktig inspirator dÃ¥ nynorskbladet Dag og Tid vart stifta. I 1928 vart Beinset redaktør i Fedrelandsvennen. Han var aktivt med i samfunnsdebatten bÃ¥de i skrift og tale – og han markerte seg sterkt. Folk la merke til denne kompromisslause og uredde mannen. Men han fekk mange motstandarar – særleg blant misjonsfolket pÃ¥ Sørlandet. Mange syntest han var for ugudeleg. I 1932 slutta han i Fedrelandsvennen. Ã…ret etter starta han eit radikalt venstreblad i Tønsberg. Men ei radikal venstreavis kunne ikkje overleve i Vestfold. Etter eit Ã¥r var det slutt. Beinset levde no ei tid som frilans og kulturskribent til han i 1936 fekk jobb som politisk journalist i Dagbladet der Einar Skavlan var redaktør. Han fann seg raskt godt til rette blant mange dyktige journalistar. I meir enn 20 Ã¥r var han med pÃ¥ Ã¥ prege Dagbladet – særleg pÃ¥ det innanrikspolitiske planet. DÃ¥ krigen kom, skreiv mange av dei dyktige journalistane i Dagbladet – blant dei Anton Beinset – mot okkupasjonsmakta. Dagbladet vart stoppa av tyskarane i 1941, og Anton Beinset og nokre andre journalistar vart arresterte. Beinset vart sett fri etter nokre veker, men han fekk skriveforbod og vart vist bort frÃ¥ Oslo. Han reiste dÃ¥ heim til Otrøya og fekk bu hos bror sin. I desse krigsÃ¥ra skreiv han -novellesamlinga UtapÃ¥ øya(1942) -fantasiromanen StÃ¥ldraugen ( 1943) -kriminalromanen Døden gÃ¥r pÃ¥ bedehus 1945.
UtapÃ¥ øya I denne novellesamlinga skildrar Beinset folkelivet og naturen pÃ¥ heimstaden sin. Forelsking og kjærleik er sentrale tema. Han syner og fram den harde kampen for tilværet i eit lite kystsamfunn i mellomkrigstida. Og han har spark til den pietistiske kristendommen. Beinset skildrar den mektige naturen pÃ¥ ein levande mÃ¥te – og dei romantiske stemningane fÃ¥r han meisterleg fram. Boka er skriven pÃ¥ nynorsk.
Ståldraugen Dette er ein fantasiroman der det mest utrulege skjer. Trongen til hemn er eit sentralt tema. Beinset skriv her under pseudonymet Ola Berg. Boka er skriven på bokmål.
Døden gÃ¥r pÃ¥ bedehus Dette er ein kriminalroman der tre mystiske dødsfall dannar bakteppet for forteljinga. Handlinga er lagt til ei lita øy (pÃ¥ Sunnmøre?) i mellomkrigstida. Her er klare skildringar av miljø og enkeltmenneske – og her er spenning. Samtidig er boka eit kraftig angrep pÃ¥ fanatisk religiøsitet og hykling. Beinset har her ein medforfattar med pseudonymet Stein StÃ¥le. Boka er skriven pÃ¥ bokmÃ¥l.
Etterkrigstida Etter krigen var Beinset tilbake i Dagbladet. Han kasta seg inn i debatten om oppgjeret med landssvikarane og kravde strenge straffer. Han vart sterkt kritisk til ein del av Arbeidarpartiet sin politikk. Særleg var han mot politisk overvaking. FrÃ¥ midten av 50-talet var han mykje sjuk, og han vart pensjonert i 1958. FrÃ¥ den tida vende han oftare tilbake til heimbygda – til Urvin og Naustloftet. I denne tida vart Naustloftbreva til, og han underheldt lesarane i Dagbladet med desse breva ut gjennom 50-Ã¥ra. Dei beste breva samla han seinare i boka PÃ¥ Naustloftet med Gamle-Uri.
PÃ¥ Naustloftet med Gamle-Uri (1962) Her skildrar Beinset naturen og folkelivet pÃ¥ Otrøya, no under namnet Sir Anthony. Sentralt stÃ¥r Gamle-Uri. Dette er ein eldre mann (i 70-Ã¥ra) med god innsikt i det som gÃ¥r føre seg i bygda og i kommunen. Gamle-Uri har fleire sider. Han er ikkje redd for Ã¥ seie frÃ¥ om det han meiner er feil – om det sÃ¥ er til presten. Samtidig har han sjølv ein dobbeltmoral. Han kan hykle og lyge for Ã¥ oppnÃ¥ sine mÃ¥l – som dÃ¥ han ville fÃ¥ Beinset vald inn i bekrekommiteen og grunngav det med at Beinset var avhaldsmann og sÃ¥leis til Ã¥ stole pÃ¥. Slik bruker Beinset Gamle-Uri til Ã¥ spegle og latterleggjere haldningar og dobbeltmoral han vil kjempe mot. Rundt Gamle-Uri stÃ¥r forfattaren (Sir Anthony) og mange andre. Somme tider er det møte pÃ¥ Naustloftet der mangt blir diskutert. Forfattaren gjev og levande skildringar av enkeltmenneske – blant andre av Tater-Fredrika. I dei siste breva er romantikk og forelsking sentrale tema. Satiren og humoren er viktige verkemiddel i mange av breva. Men under dette merkar ein forfattaren sine varme kjensler bÃ¥de for folket i bygda og for naturen. Ikkje minst kjem kjærleiken til naturen fram i det vakre diktet ”Øya mi”. Mot slutten av dette diktet uttrykkjer han hÃ¥p om Ã¥ fÃ¥ kvila si pÃ¥ denne øya. Og det fekk han – pÃ¥ gravstaden ved Sunsbøen – ikkje langt frÃ¥ Naustloftet og Urvin.
Urvin
Vart bygd i 1955. Beinset kjøpte eit gammalt tømmerhus av ein nabo og fekk det oppsett pÃ¥ nye murar oppunder fjellet – omtrent ovanfor hamna pÃ¥ Ræstad. Dette vart feriebustad for Beinset og familien. Namnet Urvin valde Beinset fordi huset ligg pÃ¥ ei grasslette oppunder Beinsetura. (Vin= grasslette pÃ¥ gammalnorsk). SÃ¥ sette Beinset saman dei to orda ur og vin til Urvin. Huset er godt vedlikehalde og er som det var pÃ¥ Beinset si tid. Bøkene han har skrive er der - og mykje avisutklipp – skrivemaskina hans stÃ¥r ogsÃ¥ der. Familien nyttar framleis huset som feriebustad.
Urvin. Anton Beinset sin feriebustad
Naustloftet
Vart bygd omtrent samtidig med Urvin. Det ligg ned mot sjøen mellom hamna pÃ¥ Ræstad og Sundsbøen. Dette er eit enkelt rom over naustet – derav namnet Naustloftet. Her er ei seng, eit bord, ein stol og ein omn. Veggene er sÃ¥ Ã¥ seie tapetserte med avisutklipp. Mot sjøen er det ein liten altan – med utsikt mot fjorden med holmar og skjer og mot storhavet utanfor. Det var kanskje her ideane til Naustloftbreva vart til. Miljøet frÃ¥ Sir Anthony og Gamle-Uri sit sÃ¥ Ã¥ seie i veggene. Midsund Slekt- og Historielag har ein avtale med familien Beinset om bruk av bÃ¥de Urvin og Naustloftet. Naustloftet har vorte restauret pÃ¥ dugnad av folk frÃ¥ bygda.
Naustloftet med Anton Beinset på verandaen
Lokale arrangement - Markering av Anton Beinset sitt 100-Ã¥rsminne under Bjørnsonfestivalen i 1994. Minnefesten vart halden pÃ¥ ”Fjelly” (ungdomshuset pÃ¥ Ræstad). Mellom anna song Midsund blandakor Eg veit ei øy med tekst av Anton Beinset og melodi av Kolbein RakvÃ¥g. Og Mari Beinset Waagaard kÃ¥serte om far sin. Fjelly var fylt til sist plass under denne minnefesten.
- Midsund Slekt- og Historielag starta markeringa av sitt 10-Ã¥rsjubileum med Ã¥ besøkje Naustloftet og Urvin. Bjørn Austigaard, Jarle Sanden og Harald Grytten var blant gjestene. Under festen pÃ¥ Fredheim deklamerte Jostein Ræstadholm frÃ¥ Beinset si novelle ”En politikers gjenvordigheter”, meir kjent som ”Møte i bekrekommiteen”. Dette sette publikum stor pris pÃ¥.
Korleis vart arbeidet til Anton Beinset motteke? Blant bygdefolket i Midsund er det nok ”Naustloftbreva” som har vorte sett størst pris pÃ¥ av det Anton Beinset skreiv. Men Beinset fekk motstandarar og. Den viktigaste grunnen til dette var at mange av kristenfolket mislikte angrepa hans pÃ¥ den pietistiske kristendommen. I dag er nok kritikken nedtona. Mange ser at Anton Beinset var stor bÃ¥de som samfunnskritikar og sprÃ¥kkunstnar. Han skreiv like godt pÃ¥ nynorsk som pÃ¥ bokmÃ¥l, og i Naustloftbreva bruker han mykje dialekt. I debattinnlegga skreiv han klart og skarpt. I novellene og breva viser han og at han kan skildre og skape stemningar - og han bruker antydning som verkemiddel. Beinset visste Ã¥ velje sprÃ¥k og verkemiddel som passa til innhaldet. Det beste i diktinga hans lever vidare.
Kjelder: -Anna S. Julnes: Slekter fra Romsdalskysten -Dag og Tid, 15.11.77 og 06.01.94 -Romsdals Budstikke, 30.07.88 og 11.01.94 -Øyavis, august -94, juni –06, mai –08 -UtapÃ¥ øya -StÃ¥ldraugen -Døden gÃ¥r pÃ¥ bedehus -PÃ¥ naustloftet med Gamle-Uri -Samtalar med bygdefolk
|