Midsund Slekt og Historielag
Møre og Romsdal PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Administrator   
mandag 09. januar 2012 14:10

Soloppgang i augustDei siste dagane har det vore ytringar i Romsdals Budstikke frå eit par personar frå Romsdalsregionen om at dei ville kalle seg Møringar.

Kristian Opstad skriv dette om Møre-namnet i boka ”Gamle Møre” som vart utgjeven på Rune forlag i 1967. Møre er ei omlydsform av mare som betyr hav . Ordet er framleis levande i uttrykk og namn som har med sjøen å gjere. T.d. marbakke, marulk, marflo martaum, ei mare osv. Han skriv og at Møre var det opphavlege namnet på Hustadvika, og at Hustadvika var namnet på den vesle vika inn til Hustad kongsgard.

Om namnet Romsdal skriv KO dette: ” Romsdalen var sikraste sambandsvegen med andre delar av
landet året rundt, og dalen vart så viktig at det med tida gav nytt namn på denne landsdelen –Romsdal. Dei opphavlege namna skulle etter dette vere: Møre, Nordmøre og Sunnmøre. Ut frå dette, kunne fylkesnamnet endrast til Møre. Det er enklare, men ikkje meir rett sidan både Romsdal og Møre er lokale namn som etter kvart er tekne i bruk for større område. Det er vel slik at tydinga av Møre-namnet er gløymd no og difor ikkje blir tenkt på som landskapsbeskrivande.

Romsdalsnamnet derimot er i dagleg bruk både for Romsdalen (dalen frå Åndalsnes via Verma til Oppland grense) og fogderiet Romsdal. Kyststrekninga frå Uksnøya via Hustadvika til Vevang ligg i Romsdal, men ikkje i Romsdalen. Dette er uklar namnebruk, men slik blir det når namn okkuperer større område enn dei opphavleg hadde.

I alle fall er eg som Magerøying frå Midsund og frå Romsdal men ikkje frå Romsdalen. Eg er frå Norge og er Europear frå Tellus.

Møring trur eg at eg vart ein søndag i sjuårsalderen då eg saman med eit par søsken tjuvlånte færingen til bestefar som låg i støa med masta oppe etter kyrkjetur og heiste segla. Det var spennande, men snart sto bestemor i fjøra og ula som ein tåkelur så det vart ingen lang tur. Ja, møring frå Møre er eg også og ser gjerne at fylkesnamnet vert endra frå Møre og Romsdal til Møre slik at eg rekk å seie kva fylke eg er frå når eg møter rappkjefta framande.

Sist oppdatert mandag 09. januar 2012 16:49